Hopp til innhald

Tarusa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tarusa
Таруса
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Kaluga oblast
Areal 12 km²
Folketal 9 791 (2023)[1]
Grunnlagd 1246
 •  Bystatus 1776
Retningsnummer +7 48435
Kart
Tarusa
54°43′00″N 37°11′00″E / 54.716666666667°N 37.183333333333°E / 54.716666666667; 37.183333333333
Wikimedia Commons: Tarusa

Tarusa (russisk Тару́са) er ein by i Kaluga oblast i Russland med om lag 10 000 innbyggjarar. Han ligg ved venstre breidda av elva Oka, rundt 60 km nordaust for Kaluga.

Sentraltorget i Tarusa.

Tarusa har vore kjend i historiske kjelder sidan 1246, då han var hovudstad i eitt av Dei øvre fyrstedøma. Seinare flytta dei lokale herskarane sitt hovudsete til Mesjtsjovsk og Borjatino og Tarusa vart undelagt Storfyrstedømet Moskva på slutten av 1300-talet. Tarusa vart nytta som ei festning ved dei sørlege vegane inn mot Moskva frå 1400- til 1600-talet.

Byen var okkupert av tyske styrkar mellom 24. oktober og 19. desember 1941.

  1. ↑ Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2023 года (på russisk), Rosstat, 31. juli 2023, Wikidata Q126719912

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tarusa