Hopp til innhald

Kaluga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaluga
Калуга
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Kaluga oblast
Høgd 190 m
Areal 168,8 km²
Folketal 324 989 (1. januar 2025)[1]
Første gong nemnd 1371
 •  Bystatus 1371
Postnummer 2480xx
Retningsnummer (+7) 4842
Kart
Kaluga
54°32′00″N 36°16′00″E / 54.533333333333°N 36.266666666667°E / 54.533333333333; 36.266666666667
Wikimedia Commons: Kaluga

Kaluga (russisk Калу́га) er ein by og administrativt senter i Kaluga oblast i Russland. Han ligg ved elva Oka, rundt 170 km sørvest for Moskva. Byen har om lag 330 000 innbyggjarar.

Kaluga vart grunnlagd på midten av 1300-talet som ei grensefestning ved den sørvestlege grensa til Storfyrstedømet Moskva. Han vart første gong nemnd i historiske dokument i 1371. I mellomalderen var Kaluga ein mindre busetnad eigd av Vorotynskij-fyrstane, som hadde familiegods sørvest for dagens by. På 1700-talet voks busetnaden til ein handels- og administrasjonsby. Under Napoleonskrigane i 1812 var Kaluga hovudkvarter for general Mikhail Kutuzov.

Under den andre verdskrigen vart Kaluga okkupert av tyske styrkar frå oktober 1941, men vart gjenerobra av den raude armeen alt i desember 1941.

Romfartsmuseet i Kaluga.

Kaluga er kjend for sin mest kjende innbyggjarar, Konstantin Tsiolkovskij, ein pioner innan rakettforsking, som vert rekna som den russiske romfarten sin far. Han byrja karrieren sin som skulelærar i Kaluga. Tsiolkovskij grunnla i 1892 eit institutt for fysikk i Kaluga. Den tidlegare bustaden hans er i dag eit russisk romfartsmuseum, tileigna hans teoretiske prestasjonar og deira praktiske bruk innan moderne romforsking.

Kaluga har i de seinare åra vorte eit av sentra for bilindustrien i Russland, etter at fleire utanlandske produsentar har bygt fabrikkar i området.

I mai 2007 kunngjorde Volkswagen at dei ville bygge ein bilfabrikk i Kaluga, som stod ferdig i 2009. Investeringa var på over 370 millionar Euro. Fabrikken starta produksjon av Skoda Octavia i 2008 og i 2009 produksjon av VW-modellane Passat, Touareg og Polo. Fabrikken er planlagt for ein produksjon på 115 000 biler pr år.[2]

Den 15. oktober 2007 starta Volvo bygginga av ein ny lastebilfabrikk, som stod ferdig tidleg i 2009. Fabrikken har ein kapasitet på 10 000 Volvo- og 5 000 Renault-lastebilar.[3]

Den 12. desember 2007 kunngjorde PSA Peugeot Citroën at dei ønskjer å bygge ein ny bilfabrikk i Kaluga, som vart ferdigstilt i 2009. Fabrikken er bygt for produksjon av mellomstore biler.[4]

Den 28. desember 2007 kunngjorde Mitsubishi Motors at de hadde ønskte om å bygge ein fabrikk i Kaluga med ein årleg produksjonskapasitet på 50 000 bilar.[5]

Kaluga er knytt til Moskva via jernbane og den historiske «Kalugavegen», som i dag er hovudvegen E105. Kaluga Grabtsevo lufthamn ligg 6 km nordaust for sentrum av byen.

Kjende personar frå Kaluga

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2025 года (på russisk), Moskva: Rosstat, 25. april 2025, Wikidata Q133797648, arkivert frå originalen 26 April 2026
  2. ↑ Volkswagen errichtet Fertigungswerk im russischen Kaluga Finanznachrichten.de, 26. mai 2006
  3. ↑ New Volvo Group assembly plant in Kaluga Arkivert 2007-11-01 ved Wayback Machine., Volvo Group corporate news, 15. oktober 2007
  4. ↑ PSA Peugeot Citroën to Build Plant in Kaluga, Russland, PSA Peugeot Citroën press release, 12. desember 2007
  5. ↑ Mitsubishi signs contract to build plant in Kaluga, RIA Novosti, 28. desember 2007

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kaluga