Norfolkøya er eit av dei ytre territoria i Australia, og ligg i sørvestlege Stillehavet mellom New Zealand og Ny-Caledonia, 1466 kilometer aust for Brisbane. Territoriet består av Norfolkøya, som er 34,6 kvadratkilometer og har 2193 innbyggjarar (2025), og dessutan to små øyar utan fast busetnad, Phillipøya og Nepeanøya. Hovudstaden er Kingston.
Norfolkøya
Faktaboks
- Også kjend som
-
Norfolk Island
- Uttale
- nˈå:fək ˈailənd
- Hovudstad
- Kingston
- Statsform
- Australsk ytre territorium
- Statsoverhovud
- Charles 3
- Landareal
- 40 km²
- Innbyggjartal
- 2193 (2025)
- Offisielt/offisielle språk
- engelsk og norfuk
- Valuta
- Australsk dollar (A$) à 100 cents
Norfolkøya (mørkegrønt) ligg i Oseania (lysegrønt).
Natur
Befolkning og næringsliv
Befolkninga består dels av øybuarar relokalisert frå den overfolka Pitcairnøya i 1856 (etterkommarar etter mytteristar frå Bounty og tahitiske kvinner), og dels av innflyttarar frå Australia, New Zealand og Storbritannia. Offisielle språk er engelsk og det tradisjonelle kreolspråket norfuk. Turisme er Norfolkøyas viktigaste næringsveg. Elles blir det produsert palmefrø, korn, grønsaker og frukt.
Historie
Norfolkøya var ikkje busett då ho vart oppdaga av James Cook i 1774. Øya vart brukt som straffekoloni frå 1788 til 1814, og igjen frå 1825 til 1855. Frå 1856 var ho styrt av pitcairnarane, som etablerte den første sivile busetjinga på øya. I 1914 vart Norfolkøya overdrege frå Storbritannia til Australia som eit oversjøisk territorium.
I 1979 fekk Norfolkøya avgrensa sjølvstyre. Ei lovgivande forsamling på ni medlemmer og eit utøvande organ styrte det meste av anligganda på øya fram til 2016, då sjølvstyret vart avskaffa av den australske regjeringa. Reforma skapte store protestar blant lokalbefolkninga.
Les meir i Store norske leksikon
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.