Maranhão
| Maranhão | |||
| delstat | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | São Luís | ||
| Areal | 331 983,2 km² | ||
| Folketal | 7 000 229 (2017)[1] | ||
| Grunnlagd | 1823 | ||
![]() Maranhão 6°11′00″S 45°36′00″W / 6.1833333333333°S 45.6°W | |||
| Wikimedia Commons: Maranhão | |||
Maranhão er ein delstat nordaust i Brasil, med São Luís som hovudstad. Nabodelstatar er Piauí, Tocantins og Pará.
Rakettoppskytingsfeltet Alcantara ligg nord i delstaten, ikkje så langt frå São Luís.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Frankrike etablerte i 1612 ein koloni i det som i dag er Maranhão, med São Luís som hovudsete. Tre år seinare blei byen tatt av portugisarane som igjen tapte han til hollendarane året etter, i 1641. Portugisarane fekk endeleg kontroll over byen i 1617. Byen blei inkludert i UNESCO si verdsarvliste i 1997.
Delstatane Ceará, Maranhão og Pará blei sameint under namnet Estado do Maranhão i 1621. Området haldt fram som sjølvstendig til 1774, då det kom under administrasjon av kolonien Brasil.
Maranhão deltok ikkje i den brasilianske sjølvstendeerklæringa i 1822. Året etter blei likevel portugisarane fordrive av admiral Lord Cochrane og delstaten blei med det ein del av keisardømmet Brasil.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Det er ei rekke elvar i delstaten, slik som Parnaíba, Gurupi og Grajaú. Elvene gjer at delstaten ikkje er like utsett for tørke som dei andre delstatane nordaust i Brasil. Maranhão er prega av brå overgangar mellom ulike naturtypar: mangroveskog, ørken og steppe.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ ftp://ftp.ibge.gov.br/Estimativas_de_Populacao/Estimativas_2017/estimativa_TCU_2017_20180618.pdf.
{{cite web}}: Missing or empty|title=(hjelp)

