Hopp til innhald

Feromon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hannen er ofte utstyrt med luktereseptorar på antennene, for å kjenne igjen de seksualferomon ei ho sender ut. Denne billa er ein smellar.

Feromon (frå gresk pherein, ‘å bere’ eller ‘transportere’ og hormon, ‘å stimulere’[1] ) er eit luktstoff, eit kjemisk signalstoff, som vert skilt ut frå kjertlar hjå nokre dyr og som verkar mellom individ av same art.[2] Dette vert også kalla for duftspråk, når dyr formidlar meldingar som duftinntrykk til kvarandre. Feromona har ulike namn etter kva for funksjon dei har. Feromon skil seg frå andre luktstoff ved at ein ikkje treng å oppfatta sjølve lukta bevisst for at dei skal verka. Feromon speler likevel viktige roller i kommunikasjonen mellom individ innanfor ein populasjon som forsvarsmekanisme, markering av territorium, og særleg innan kjønnsmessig kommunikasjon.[3]

Seksualferomon

[endre | endre wikiteksten]

Seksualferomon verkar på det motsette kjønn og gjer at ein han og ei ho finn kvarandre og kan gjennomføre ei paring.

Hjå mange artar, t.d. mange sommarfuglartar, produserer hoene ein artsspesifikk duftblanding (feromon) som hannen kan oppdage på langt hald. Hos insekt er ofte hannen utstyrt med velutvikla antenner, sokalla fjørantenner. Slike antenner har mange tusen sansehår som inneheld luktereseptorar. Nokre artar kan fange slike duftspor på fleire hundre meters avstand.

I nyare tid er feromon nytta som lokkemiddel i feller mot skadedyr. Metoden går ut på å lokke hannane til fella ved hjelp av hoene sitt seksualferomon, for deretter å uskadeleggjere skadedyra.

Sporferomon

[endre | endre wikiteksten]

Sporferomon vert nytta av maur for å markere vegen til maten eller tilbake til maurtua, og for rekruttering.[4]

Alarmferomon

[endre | endre wikiteksten]

Alarmferomon vert nytta av maursamfunnet til for å få maurene i forsvars- eller angrepsstemning ovanfor ein truande fare.[4]

Sosialiserande feromon

[endre | endre wikiteksten]

Hjå samfunnsdannande insekt som bier og maur, skil både larvar og pupper ut feromon som vert kjent igjen av arbeidarane i bolet. Dette medverkar til at utviklinga vert bremsa hjå hoene, slik at dei ikkje blir fullt forplantingsdyktige. Dei blir sterile individ som hjå samfunnsdannande insekt vert kalla arbeidarar.

Aggregasjonsferomon

[endre | endre wikiteksten]

Mest kjent er kanskje borkbillene og «borkbillekrigen» på Austlandet på 1980-talet. Desse feromona vert kalla for aggregasjonsferomon. Hjå borkbiller frå slekta Ips er det hannane som sender ut feromon, og som startar innboringa i trestamma. Både hoer og hannar vert tiltrekt av feromona. Målet er å samle nok individ til å overvinne kvaa som piplar ut i borehola. Sporar av blåvedsopp som er klistra til billene sin kropp, blir avsett i borehola. Soppen veks så inn i veden og sperrar vatntransporten i trestamma. Dersom straumen av plantesaft fortset, ville egg og larvar drukne i vatn og kvae.

Feromon hjå mennesket

[endre | endre wikiteksten]

Hjå menneske vert det skilt ut feromon blant anna i sveitte.

Galleri av feromonfeller

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ «Feromon». Universitet i Oslo, Institutt for biovitenskap. 2011-02-04. Henta 2024-09-21.
  2. ↑ Gore, Andrea (2013). «Chapter 38 - Neuroendocrine Systems». Fundamental Neuroscience (4. utg.). Academic press. ISBN 978-0-12-385870-2.
  3. ↑ Jacobson, Martin (1974). «1-Introduction». The Physiology of Insecta. Vol. III (2. utg.). Academic press. ISBN 978-0-12-591603-5.
  4. 1 2 Zablotny, James (2009). «Chapter 237 - Sociality». Encyclopedia of Insects (2. utg.). ISBN 978-0-12-374144-8.