Hopp til innhald

Dukhan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dukhan
by
Land  Qatar
Kommune Al Rayyan kommune
Koordinatar 25°25′10″N 50°47′32″E / 25.41944°N 50.79222°E / 25.41944; 50.79222
Areal 365,0 km²
Folketal 11 520 (2010)
Kart
Dukhan
25°25′10″N 50°47′32″E / 25.41944444°N 50.79222222°E / 25.41944444; 50.79222222
Kart som viser Dukhan.
Kart som viser Dukhan.
Kart som viser Dukhan.
Wikimedia Commons: Dukhan
Nettstad: Offisiell nettstad

Dukhan er ein industriby vest i kommunen Al Rayyan i Qatar.[1] Han ligg kring 60 km vest for hovudstaden, Doha. Dukhan vert styrt av det statlege oljebyrået i Qatar, Qatar Petroleum, og var den første staden i landet det vart funne olje.[2]

Ein klippeformasjon i Dukhan.

Dukhan ligg i kommunen Al Rayyan kring 60 km frå Doha. Den søraustlege delen av området ligg 60 meter over havet.[3] Delar av Dukhan i nord ligg under havnivå.[3][4] Ei rekkje åsar av kalkstein frå eocen strekkjer seg parallelt til kystområdet.[3] Toppen av Rus-formasjonen frå eocen stikk meir enn 25 meter opp av bakken i dette området.[5] Den austlege delen består av lågland dekt av stein, med wadiar og senkingar.[3] Wadi Diab er eit av dei store tørre elveleia i landet som strekkjer seg gjennom Dukhan.

Oljeleitinga i Dukhan-området byrja i 1935.[6] I 1937 fann ein olje i Dukhan; det første større oljereservoaret på halvøya.[2] Utbygginga av den første oljebrunnen byrja i 1939 og var ferdig same året.[6] Den opphavlege busetnaden vart bygd som ein leir for arbeidarar frå Qatar Petroleum Company. Drifta vart lagt ned for ein periode under andre verdskrigen.[7] 31. desember 1949 eksporterte Dukhan den første tønna med olja og utbygginga av Dukhan-feltet var ferdig i 1954.

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]
Dukhan-vegen frå Dukhan til Doha.

Den første vegen i Dukhan vart bygd i 1940 for å knyte oljeleiren til Doha. Ein ny veg vart bygd i 1948 frå Dukhan til Umm Bab og Mesaieed. I 1970-åra vart Salwa-vegen utbygd for å knyte saman alle dei fire tidlegare nemnde områda.[8]

Dukhan er ein av dei viktigaste stadane frå yngre steinalder på halvøya.[9] Her er gjort fleire funn av steinreiskapar og våpen.[10]

  • Denne artikkelen bygger på «Dukhan» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2017.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Abdul Nayeem, Muhammad (1998). Qatar Prehistory and Protohistory from the Most Ancient Times (Ca. 1,000&,000 to End of B.C. Era). Hyderabad Publishers. ISBN 9788185492049.
  1. «2010 population census» (PDF). Qatar Statistics Authority. Henta 30. mars 2017.
  2. 1 2 «Home page». Qatar Petroleum - Dukhan Operations. Arkivert frå originalen 2013-06-17. Henta 30. mars 2017. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  3. 1 2 3 4 Fahd Abdul Rahmn Hamad Al-Thani (1992). «The Spatial Impact of the Hydrokarbon Industry on Land and Sea Use in Qatar» (PDF). University of Durham; Durham e-Thesis. s. 105.
  4. Sabkha Ecosystems: Volume II: West and Central Asia. Springer. 2006. s. 179. ISBN 978-1402050718. {{cite book}}: Den ukjende parameteren |authors= vart ignorert (hjelp)
  5. Abdul Nayeem (1998), s. 6
  6. 1 2 Ministry of Foreign Affairs (2007). «Oil & Gas». Arkivert frå originalen 2012-08-06. Henta 3. september 2012. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  7. «Dukhan». Qatar Petroleum. Henta 30. mars 2017.
  8. Fahd Abdul Rahmn Hamad Al-Thani (1992). «The Spatial Impact of the Hydrokarbon Industry on Land and Sea Use in Qatar» (PDF). University of Durham; Durham e-Thesis. s. 138.
  9. Abdul Nayeem (1998), s. 20
  10. Abdul Nayeem (1998), s. 34

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Dukhan
Reiseguide for Dukhan frå Wikivoyage