Tilnamn er eit tillegg til eit personnamn som blir brukt for å skilje personar med same namn frå kvarandre eller for å uttrykkje noko karakteristisk ved ein person; til dømes 'Digre' eller 'Bolla'. Tilnamn er eit gammalt namnefenomen som har vore brukt i mange kulturar, særleg før faste slektsnamn vart vanlege.
Eit tilnamn kan vise til til dømes opphav (Olav den heilage), utsjåande (Harald Hårfagre), eigenskapar (Magnus den gode), yrkje (Per Smed), bustad (Kari på Vangen) eller slektstilhøyrsle (Jon Torsteinsson). Tilnamn kan ha positiv, negativ eller nøytral tyding.
I mellomalderen var tilnamn ein særleg viktig del av identifikasjonen, fordi personnamnrepertoaret var avgrensa. Tilnamnet kunne vere naudsynt for å skilje personar med same førenamn og vart brukt både i munnleg tradisjon og i skriftlege kjelder som sagaer og diplom.
Behovet for å skilje mellom personar førte òg til utviklinga av patronym og seinare faste slektsnamn, men desse blir rekna som eigne namnetypar.
Tilnamn er relatert til nærståande nemningar som:
- kallenamn, som er uformelle eller venlege namn brukt i nære sosiale samanhengar
- kjælenamn, som uttrykkjer nærleik eller godhug
- aukenamn og utnamn, som ofte er spottande eller nedsetjande og blir brukte for å latterleggjere eller kritisere ein person
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.