Å bøye eit verb i mellom anna dei ulike verbale kategoriane som er nemnde ovanfor, inneber å «lage» dei ulike bøyingsformene, for at verbet skal passe inn i ulike grammatiske samanhengar:
- I går las eg ei god bok!
- I dag les eg ikkje.
- I morgon skal eg lese til eksamen.
- Eg har aldri lese så mykje før.
-
Les den boka før du uttalar deg!
Norske verb har fem bøyingsformer, her illustrert med verba kaste, byggje og krype:
Ein reknar ikkje har lese, hadde lese eller skal lese som bøyingsformer av verbet. Her er det berre snakk om bøyingsformer av verba ha, lese og skulle, som vi brukar i desse tre perifrastiske verbformene. Ein reknar heller ikkje deklinasjon av perfektum partisipp som konjugasjon.
Konjugasjon er i norsk eit relativt avgrensa fenomen, samanlikna med til dømes latin, der verbet har nærmare 100 forskjellige bøyingsformer. Då ser ein bort ifrå deklinasjonen av partisipp, gerundium, gerundiv og supinum. Andre språk igjen har ikkje konjugasjon i det heile, som vietnamesisk.
Kommentarar (4)
skreiv Tor-Ivar Krogsæter
Det er lenkje her til person, men ho peikar ikkje til person i grammatisk kontekst. Eg var ute etter informasjon om kva språk som nyttar fjerde person, jamfør <https://www.reddit.com/r/linguistics/comments/t5ks0/are_there_any_languages_that_have_something_like/>.
svarte Rolf Theil
Hei, takk for at du såg den feilen med person. Det finst ikkje nokon eigen artikkel om person i grammatikken, så eg har lenkja person til pronomen. Eg har omtala fjerde person ganske kort i nokre artiklar om algonkinske språk, sjå https://snl.no/kikapú_-_språk og https://snl.no/algonkinske_språk. Men i staden for eit skilje mellom 3. og 4. person brukar eg skiljet mellom proksimat 3. person og obviat 3. person, der det sist også kunne kallast 4. person.
svarte Tor-Ivar Krogsæter
Tusen takk, det var til stor hjelp. 😊
svarte Rolf Theil
Eg skriv no ein artikkel om person i grammatikken. Prøver å få han ferdig i føremiddag.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.