Vetle Vislie var fødd i Skafså i Tokke i Telemark. På morssida var Vislie av same ætta som Gunnar Utsond, Anne Grimdalen, Dyre og Aslaug Vaa, som alle var etterkomarar etter den tyske sylvsmeden Michel Mandt (fødd 1692). Som barn vart han skremd av domedagspreiker, og som ung las han Ibsens Brand. Dette førte han inn i ein kompromisslaus kristendom.
Då han i 1874 kom til lærarseminariet i Kviteseid, opplevde han ei førebels frigjering frå det religiøse trykket. Men som lærar i Holt i Agder i 1876 kom han attende til kristendomen og kom med i den sørlandske gudlege vekkinga. Då ville han bli prest, men fyrst blei det Hamar Seminarium i 1878–1879, der han tok vidare lærarutdanning med beste karakter. Så blei det to nye år som lærar i Holt og to år som lærar på Sagene skole i Kristiania (Oslo).
Jamsides dette gjekk han på Holans privatskule og tok examen artium i 1885 etter to år på gymnaset Hauges Minde. På universitetet tok han andreeksamen i 1887 og tok til med teologistudiet, noko som førte han inn i eit oppgjer med den tronge kristendomen.
Utover i 1890-åra livnærte Vislie seg som lærar, forfattar og bladmann. I Dagbladet, Firda og Den 17de Mai skreiv han dikt, forteljingar, bokmeldingar og artiklar om religion, målsak, politikk og skulespørsmål. Han var òg redaktør av skjemteblada Tyrihans i 1892–1893 og Urædd eit halvt års tid i 1894.
Vislies karriere innanfor lærarutdanning byrja i 1897 som lærar ved Elverum Privatseminarium, og i 1902 vart han adjunkt ved Levanger lærerskole. Her fekk han Olav Duun som ein fornøgd elev, og dei hadde brevbyte i mange år etterpå. Vislie drog i 1908 til Kristiansand og vart rektor for lærarskulen der, og til Hamar offentlege lærarskule i 1914, der han var rektor fram til han blei pensjonist i 1929 og flytte til Oslo. Han var medlem av lærarutdanningsnemnda frå 1913 og eksamenskommisjonen for lærarskulane 1914.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.