Robert Burns var ein skotsk poet, Skottlands nasjonaldiktar, og er kjent over heile verda for dikt som «Auld Lang Syne», «A Red, Red Rose» og «A Man’s a Man for A’ That». Han var også ei av dei viktigaste røystene for bruk av skotsk språk og dialektar. Fødselsdagen hans 25. januar blir feira med tradisjonsrik Burns Night kvart år.
Robert Burns
Faktaboks
Rabbie Burns, the Bard of Ayrshire eller Ploughman Poet
- Uttale
-
bə:nz
- Fødd
- 25. januar 1759, Alloway, Ayrshire, Skottland
- Død
- 21. juli 1796, Dumfries, Skottland
Robert Burns. Etter måleri av Alexander Nasmyth. Originalen heng i The Scottish National Portrait Gallery, Edinburgh.
Bakgrunn
Burns vart fødd i Ayrshire som son av ein fattig bonde, og med noko mangelfull formell utdanning. Hans relativt korte liv vart prega av kampen for utkoma. Mellom anna prøvde han seg to gonger utan hell som gardbrukar og i diverse andre jobbar. Hans tidlege død skal ha vore forårsaka av ei hjarteliding som vart forverra av alkoholmisbruk.
Burns kom òg i vanskar på grunn av dei mange og lidenskapelege kjærleiksaffærane sine. Han fekk i alt tolv barn med ulike kvinner, og ein son vart fødd same dag Burns sjølv døde. Til denne rekkja av elskarinner skreiv Burns gjerne dikt tileigna den einskilde, så kjærleiken inspirerte til poesi og songar.
Diktsamling
Hans fyrste diktsamling, Poems, Chiefly in the Scottish Dialect (1786), vekte oppsikt, og i åra som fylgde naut han stor respekt. Hans beste dikt er alle på skotsk dialekt; det var orda og vendingane, folkevisene og songane til heimlandet, natur og menneske som gav sterkast inspirasjon.
Han spenner frå det lystige og humoristiske til det djupt kjenslevare, ikkje minst i kjærleiksdikta sine. Emna tok han stort sett frå vanlege menneskes arbeid, sorger og gleder. Dei mektige og prektige fekk kjenne satiren hans.
Slik er Burns ein i beste forstand folkeleg diktar. Han framstår også som noko av ein formas meister. Nokre av det kjende diktet hans er Comin’ Thro’ the Rye, Mary Morison og Tam o’ Shanter.
Revolusjonær og tidleg romantikar
Burns var sterkt gripen av den franske revolusjonen, og gav uttrykk for det i ei rekkje dikt han skreiv på engelsk.
Han blir gjerne rekna som ein tidleg førelaupar for dei seinare romantiske diktarane, som William Wordsworth, Samuel Taylor Coleridge og Percy B. Shelley.
Omsetjingar
- Henrik Wergeland omsette fleire Burns-dikt, mellom anna «Skal gammalt Kjendskab gløymast hen» (Auld Lang Syne)
- Dikt (1923), gjendikta av Olav Nygard
- Dikt i utval (1959), gjendikta av Hartvig Kiran
- Dikt og songar, to bind (1996, 1998), gjendikta av Johannes Gjerdåker
- Min elsk er lik ei raud raud ros (1978), gjendikta av Hartvig Kiran
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Bold, Alan: A Burns companion, 1991.
- Crawford, Thomas: Burns : a study of the poems and songs, 1960.
- Fowler, Richard Hindle: Robert Burns, 1988.
- Gjerdåker, Johannes, «Prøysen, Burns og slektskapen», vedlegg til Dag og tid, 35, 31/8, 2002.
- Mackay, James: A biography of Robert Burns, 1992.
- McGuirk, Carol, red.: Critical essays on Robert Burns, 1998.
- McIntyre, Ian: Dirt & deity: a life of Robert Burns, 1995.
- Pittock, Murray, Robert Burns in Global Culture, Lewisburg, PA, 2011.
- Seargent, David og Fiona J Stafford (red.), Burns and Other Poets, Edinburgh, 2012.
- Uthaug, Geir, «Plogmannsdikteren fra Ayrshire: Robert Burns 250 år», Oslo: Transit, 2011 (NRK P2, 2009).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.