Mary Augusta Ward var ein britisk forfattar av over tjue romanar på siste del av 1800-talet og utover i det nye hundreåret. Mange av desse blei bestseljarar og omsette til andre språk. Mellom dei var ei rad omsettingar til norsk, både som bøker og føljetongar i fleire aviser. Den mest kjende romanen hennar var Robert Elsmere frå 1888.
Mary Augusta Ward
Faktaboks
- Uttale
-
wå:d
- Fødd
- 11. juni 1851, Hobart, Tasmania, Australia
- Død
- 24. mars 1920, London, England
- Virke
- Forfattar
Bakgrunn i intellektuell familie
Mary Arnold var fødd i Australia, men familien flytta til England då ho var lita, så ho hadde ein engelsk oppvekst på kostskular. Faren, Tom Arnold, var professor i litteratur, diktaren Matthew Arnold var onkelen, og bestefaren var Thomas Arnold. Den unge Mary Arnold var dotter av ein Oxford-akademikar, og gifta seg med ein annan, Thomas Humphry Ward. Ho var tante til biologen Julian og forfattaren Aldous Huxley.
Mary Ward blei såleis opptatt av både å skape gode vilkår for utdanning, og av skriving, og gjorde ein stor innsats innan begge felta.
Aktuelle og populære romanar
Bokskrivinga starta med barneboka Milly and Olly i 1881, og slutta med Harvest i 1920, det året ho døydde. På desse omlag førti åra kom det 26 boktitlar, i tillegg til artiklar, talar og anna. Ho skreiv mellom anna innleiing til eit stort samleverk av søstrene Brontë sine skrifter (1899-1900).
Som romanforfattar vekte Ward særleg oppsikt med den tredje boka si, Robert Elsmere (1888). Boka handlar om frustrasjonane mellom ein ung prest og kona hans. Dei ser heilt ulikt på kva rolle trua skal spele i eit moderne liv, om det dreier seg om lydnad mot tradisjonar eller å sjå på desse med historisk-kritisk distanse. Dette var aktuelle debattar i visse krinser.
Mary Ward ser ut til å legge mest vekt på kristendommen sin sosiale funksjon, altså å skape ei betre verd, og mindre på dei mystiske eller åndelege sidene ved trua.
Ikkje berre denne, men fleire av dei andre romanane til Ward var innlegg i dei sosiale og religiøse debattane i tida, og blei mykje lesne også på grunn av dette.
Mot stemmerett
Det er eit paradoksalt trekk ved Mary Ward at ho sa ja til oppmodinga om å drive Women's Anti-Suffrage League i 1908, altså ein organisasjon som arbeidde mot stemmerett for kvinner.
Debatten rundt kvinneleg stemmerett gjekk svært heitt for seg, med demonstrasjonar og sveltestreikar. Borgarlege mødre og bestemødre (som Emmeline Pankhurst og døtrene), såvel som arbeidarklassens kvinner, blei kasta i fengsel når dei knuste vindaugsruter og tydde til sabotasjeaksjonar. I alt var det meir enn 300 suffragetter som blei kasta i Holloway-fengselet for å ha demonstrert i nett desse åra mellom århundreskiftet og første verdskrigen.
Det ser ut til å ha vore eit visst drama i familien Arnold, sidan søstera Ethel kjempa på motsett side, og heldt mange talar frå 1890-talet og framover for kvinneleg stemmerett.
For utdanning
Det paradoksale er at Mary Ward si livslange hjartesak var betre sosiale tilhøve for dei fattige, og meir likheit og utdanning i samfunnet. Der er enno eit hus i London som ber vitnemål om denne innsatsen, og Mary Ward House er no eit senter for vaksenopplæring.
Ward kjempa også for utdanning for kvinner. Ho var med å danne Association for the Education of Women, og arbeidde for at kvinner skulle sleppe inn på universitetet i Oxford. Ho var ein av dei som oppretta Somerville College for kvinner og gjorde altså ein pionerinnsats for høgare kvinneutdanning.
Ein av romanane, Marcella, handlar også om ein jenteskule.
Uansett korleis ein skal forstå motstanden hennar mot stemmerett, er det urett om Mary Ward sitt ettermæle blir ståande som ein bakstreversk anti-feminist, slik ho i seinare tid gjerne har blitt framstilt. Kvinneutdanning var ei av hjartesakene, og ho braut også med menn som var mot dette.
Forfattarnamnet
Alle skriftene til Ward kom ut med forfattarnamnet 'Mrs Humphry Ward', og ikkje som Mary Augusta Ward. Dette var i samsvar med konvensjonane for gifte kvinner, og Humphry Ward var altså mannens namn.
Omsett til norsk
- Robert Elsmere: Roman (1890-91), omsett av Carl Keilhau, Kristiania: Norli, tre bind.
- David Grieve: Roman (1892) Kristiania: Norli, tre bind.
- Marcella (1894), Kristiania: Norli, tre bind.
- Bessie Costrells Historie (1895), føljetong i Verdens Gang.
- Bessie Costrell: Fortælling (1895), omsett av Nils Kjær, Kristiania: Norli.
- Sir George Tressady (1897) omsett av K.F.H. (Kathrine Faye Hansen), Bergen: Fr. Nygaards Forlag.
- Helbeck til Bannisdale (1898), omsett av Kathrine Faye Hansen, Kristiania: Aschehoug.
- Lady Roses Datter: Roman (1903), føljetong i Morgenbladet.
- Paa Kanadas Prærier: Roman (1911), føljetong i Aftenposten.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Aas, L. 'Mrs Humphry Ward: En litterær studie', Kirke og Kultur, Årgang 31 (1924), 172-180, 389-396, 457-49.
- Newman, Beth, The Secular Messianism of Robert Elsmere: Race, Jewishness and 'The New Reformation", Victorian Studies 2022-09, Vol.65(1), 93-116.
- Sutherland, John (1990) Mrs Humphry Ward: Eminent Victorian and Pre-eminent Edwardian, Oxford: Clarendon Press.
- Sørbø, Marie Nedregotten, 'Elusive Women Authors in Norwegian Nineteenth-Century Reading Societies', NORA, Vol. 25(4), 2017, 282-298.
-
Av Ukjend fotograf.Lisens: Falle i det fri (Public domain) -
Av Charles S. Olcott.Lisens: Falle i det fri (Public domain)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.