Faktaboks

Haakon 8.

Haakon VIII

Fødd
20. juli 1973, Oslo
Virke
Noregs konge
Familie

Foreldre: Dåverande kronprins Harald (1937–2026); sjå Harald 5.) og kronprinsesse Sonja (f. 1937).

Gift 25.8.2001 med Mette-Marit Tjessem Høiby (f. 1973). Far til kronprinsesse Ingrid Alexandra (f. 2004) og prins Sverre Magnus (f. 2005).

Av /Det kongelege hoffet.
Foto av kronprins Haakon i 2016
Av /Det kongelige hoff.

Haakon 8. er konge i Noreg. Han vart konge då faren, Harald 5., døydde 28. august 2026. Han høyrer til fyrstehuset Glücksborg, ei sidegrein av kongeslekta Oldenborg av Danmark-Noreg. Han er gift med dronning Mette-Marit.

Kong Haakon har engasjert seg i internasjonale spørsmål og har vore oppteken av å tilpasse den kongelege rolla til si tid. Han har markert seg som reflektert og openhjartig.

Familie og slektskap

Kongefamilien under kongeparets gullbryllaup i 2018
Av /NTB.

Haakon Magnus er andre barn og einaste son av kong Harald 5. og dronning Sonja, den gongen kronprinspar. Dei gjorde kjent at arveprinsen til dagleg skulle bruke namnet Haakon (Håkon). Han vart døypt i Slottskapellet 20. september 1973 av Oslo-biskop Kaare Støylen.

Håkon er eit gamalt norsk kongsnamn, sjå lista over norske kongar med namnet Håkon.

Haakon vaks opp saman med den to år eldre søstera, prinsesse Märtha Louise, på kronprinsparets eigedom Skaugum i Asker.

Stortinget vedtok i 1990 ei endring av Grunnlovas § 6, som innebar at kvinner og menn fekk lik arverett til trona, men det skulle ikkje ha tilbakeverkande kraft og kunne dermed ikkje gjelde borna til kong Harald. Haakon vart difor tronarving sjølv om søstera, prinsesse Märtha Louise, er eldst.

Haakon og Mette-Marit Tjessem Høiby vart vigde i Oslo domkyrkje 25. august 2001 av Oslo-biskop Gunnar Stålsett. Saman har dei borna kronprinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus. Dronning Mette-Marit har ein son frå eit tidlegare forhold, Marius Borg Høiby, som har vakse opp saman med søskena. Sidan 2003 har familien budd på Skaugum.

Mette-Marit var, som svigermora, dronning Sonja, frå ikkje-kongeleg familie. I tillegg hadde ho vore ein del av eit aktivt festmiljø. Haakon brukte sjølv omgrepet «utagerande» om ungdomstida til Mette-Marit. Valet av livsledsagar bidrog til å utløyse ein debatt om det norske monarkiet, ein debatt som avtok etter bryllaupet.

Utdanning

Kong Haakon har både ei militær og ei sivil utdanning.

Sivil utdanning

Grunnskule og vidaregåande skule tok han på Smestad skule og Kristelig Gymnasium i Oslo, der han tok eksamen i 1992.

Kongen har gjennomført ei omfattende utdanning. Skulegongen har gått greitt, til trass for at han, som farfaren, har hatt ein del lese- og skrivevanskar. I vidaregåande skule tok han spesialfag som media, bedriftsøkonomi og rettslære. Han dyrka også interessa for teater, særleg for Henrik Ibsen, og var instruktør for ein skuleoppsetjing av En folkefiende.

Hausten 1996 reiste han til USA for å studere ved University of California, Berkeley, der han tok ein Bachelor of Arts-eksamen (BA) i statsvitskap våren 1999.

Etter dette følgde Haakon førelesningar i statsvitenskap og jus ved Universitetet i Oslo eit års tid. Frå hausten 2000 gjennomførte han det eittårige aspirantkurset i Utenriksdepartementet. I 2003 tok han ein mastergrad i internasjonal politikk ved London School of Economics. Frå 2003 er Haakon goodwill-ambassadør for FNs utviklingsprogram UNDP.

Militær utdanning

Kong Haakon tok offisersutdanning ved Sjøkrigsskolen då han var kronprins. Han er admiral i Sjøforsvaret.
Av /Forsvaret.

Kong Haakon har ope fortald om den moralske tvilen han kjende før den omfattande utdanninga i Forsvaret som vart forventa av han som tronarving. Han drøfta dette med faren, kong Harald.

Etter å ha gjennomgått befalsskule i 1992–1993 valde han likevel å ta tre års utdanning på Sjøkrigsskolen i Bergen fra 1993 til 1996. Praksisåret etterpå tok han på eit større marinefartøy, der han var nestkommanderande. Han er general i Hæren og Luftforsvaret, og admiral i Sjøforsvaret.

I lære for å bli konge

Foto september 2001

Haakon Magnus
Av /NTB ※.

Haakon var tidleg klar over at han var fødd inn i rolla som framtidig konge, og kva dette inneber, fekk han lære både av farfar sin, Olav 5., og far sin, Harald 5. Som kronprins var Haakon oppteken av at han ikkje berre skulle arve rolla, men at han verkeleg ønskte og valde å vere tronarving og framtidig konge av Noreg. Kronprinstittelen fekk han då kong Olav døydde i januar 1991. Frå 18-årsdagen i juli same år fekk han rett til å delta i statsråd og fungere som regent for far sin ved behov.

I studietida ved Universitetet i Oslo diskuterte han halvoffentleg styreforma ved fleire høve og synte at han hadde ei reflektert haldning til spørsmålet om republikk eller monarki.

Om rolla som kongeleg har Haakon sagt at det er meir enn ein jobb, «det er jo eit heilt liv». I eit intervju har han sagt om den kongelege oppgåva at han først og fremst måtte prøve å skape ein mest mogleg positiv situasjon for Noreg og verda. Så fekk monarkiet kome i andre rekkje og han sjølv i tredje.

Representasjon

Her er Kongen i statsråd samla på Slottet ved tiltredinga til regjeringa Støre 14. oktober 2021. Både HM Kong Harald og HKH Kronprins Haakon deltok i statsrådet.
Av /NTB.

Haakon har møtt i statsråd sidan han vart myndig i 1991, og har leidd statsrådet som regent ved ei rekkje høve før han vart monark.

Då kong Harald vart operert for kreft i november 2003 og fekk ein lang rekonvalesens, heldt Haakon òg den tradisjonelle nyttårstalen i radio og TV. Saman med Mette-Marit reiser han på turar til nye fylke kvart år. Dei to har fleire gonger òg vore vertskap på Skaugum for ulike sosiale grupper.

Internasjonalt arbeid

Haakon har ved mange høve gitt uttrykk for at han kunne tenkje seg å arbeide med oppgåver utanfor det kongelege og konstitusjonelle. Han er sterkt interessert i internasjonale utviklingsspørsmål, særleg i miljø og klima. Hausten 2003 vart han utnemnd til goodwillambassadør for FNs utviklingsprogram UNDP, som har gitt han høve til å reise i ei rekkje land i Afrika og Asia for å fremje tiltak i samsvar med FNs tusenårsmål.

Han var òg aktiv i nettverket Young Global Leaders frå 2005 til 2010. Han leidde nettverket sitt arbeid med World Economic Forums Global Redesign Initiativ i 2009–2010. I 2006 var han med og grunnla Global Dignity Day, saman med amerikanaren John Bryant og finnen Pekka Himanen. Haakon var ein aktiv deltakar på Dignity Day-arrangement ved norske skular. Føremålet med Global Dignity Day var å bevisstgjere ungdom på kva respekt er, og å utruste dei med kunnskap og haldningar slik at dei kan bruke respekt som det styrande prinsippet for det dei gjer. Eit viktig mål var å motarbeide mobbing og diskriminering. Global Dignity Day vart knytt til mål i undervisninga, og mange skular integrerte òg Global Dignity Day i arbeidet for å betre det psykososiale miljøet til elevane.

Kultur og sport

Kong Haakon har hatt interesse for musikk heilt sidan tenåra, både som utøvar på elektrisk gitar og som konsertgjengar. Han har ein mangfaldig smak, men likar best moderne retningar innan rock-musikk. Han var ein regelmessig gjest på Quart-festivalen i Kristiansand, eit arrangement som markerte seg med band som ligg i front når det gjeld nye stilartar.

Haakon er ein ivrig lesar, ei interesse som vart vekka gjennom høgtlesning då han var liten, ikkje minst av norske folkeeventyr. Sjølv framheld han romanar av Jens Bjørneboe, Franz Kafka og Fjodor Dostojevskij som sine største leseopplevingar. Haakon er beskyttar for mellom anna Bjørnsonfestivalen og Ibsenfestivalen.

Når det gjeld idrett, har Haakon først og fremst markert seg innan elvepadling, paragliding og alpint, der telemarkkjøring er favorittgreina. Han har hytte både på fjellet og på Sørlandet, der familien ønskjer å kunne trekkje seg tilbake frå offentleg merksemd.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Fredrik Wandrup: Haakon. Et portrett av kronprinsen som ung mann. Oslo 1998

Kommentarar (2)

skreiv Christian Stranger-Johannessen

Det står i denne artikkelen at Haakon kunne ha tenkt seg å bli profesjonell surfer, hvis han ikke hadde vært kronprins. Hva med å ta med at surfing er en av hans interesser?
https://www.reuters.com/world/who-is-norways-new-king-2026-08-28/

svarte Ida Scott

Hei, takk for innspill, artikkelen vil nok bli mye revidert og utvida i tida som kommer. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg