Faktaboks

Francis Galton
Sir Francis Galton fra 1909
Uttale

gå:ltən

Fødd
16. februar 1822, Birmingham
Død
17. januar 1911, Haslemere
Familie

barnebarn av naturviteren Erasmus Darwin (1731-1802)

Francis Galton
Av /National Portrait Gallery.

Francis Galton var ein britisk antropolog, psykolog og statistikar, og ein ivrig forkjempar for eugenikk.

Galton var sterkt påverka av utviklingsteorien, og særleg oppteke av variasjonane innanfor arten menneske. Spesielt ville han kartleggje skilnader i evner og anlegg, som han meinte var arveleg bestemd. Han utvikla òg statistiske metodar for å skildre variasjon og samvariasjon mellom eigenskapar.

I fleire bøker gav han grunnleggjande bidrag til differensialpsykologien, og han fekk òg stor innverknad på genetisk forsking i Storbritannia, særleg på den såkalla biometriske retning, kalla opp etter tidsskriftet Biometrika, som han gav ut saman med matematikaren Karl Pearson.

Ved utgjevinga av Artenes opprinnelse i 1859, skrive av fetteren Charles Darwin, vart Galton svært oppteken av korleis arvelegheit bevarer og påverkar eigenskapar. I boka Hereditary Genius (1869) la han fram undersøkingane sine av korleis evner og anlegg, spesielt for leiarskap og intellektuelle syslar, favoriserte enkelte prominente familiar. I Natural Inheritance (1889) studerte han fysiske eigenskapar etter statistiske og matematiske prinsipp. Saman med W. F. R. Weldon og Karl Pearson danna han den biometriske skulen innan genetikken.

Galton gjekk òg kraftig inn for «raseforbetringa», som han kalla eugenikk. Frå 1904 gav Galton gjennomsnittlig 500 pund i året til University of London for å grunnleggje og drive eit institutt for nasjonal eugenikk. Ved Galtons død i 1911 fekk universitetet 45 000 pund for å opprette et professorat i eugenikk, som Galton i 1909 hadde bestemt at Karl Pearson skulle vere den første til å ha.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg