Faktaboks

Arne Garborg

Opprinnelig Aadne Garborg

Fødd
25. januar 1851, Jæren, Norge
Død
14. januar 1924, Asker, Norge
Virke
Forfattar og redaktør
Familie

Foreldre: Bonde og lærar Eivind (Even) Aadneson Garborg (1822–1870) og Ane Oline Johnsdotter Raugstad (1832–1908).

Gift 3.12.1887 med Karen Hulda Bergersen (1862–1934; sjå Hulda Garborg).

Arne Garborg var ein av dei mest markante deltakarane i si tids konfliktfylte kulturliv og politikk, og ein av Norges viktigaste forfattarar. Frå slutten av 1870-åra til han døydde, var han den viktigaste talsmannen for nynorsk språk, litteratur og kultur.
Av /Nasjonalmuseet.

Arne Garborg var ein leiande nynorsk forfattar på siste del av 1800-talet. Han introduserte filosofiske, litterære og religiøse idear gjennom omfattande skribentverksemd, og han grunnla fleire aviser.

Nokre av dei mest kjende verka til Arne Garborg er Bondestudentar (1883), Haugtussa (1895), Trætte Mænd (1891) og Fred (1892).

Bakgrunn

Arne Garborg gifta seg med Hulda Bergersen i desember 1887.
Nygifte Hulda og Arne Garborg
.
Lisens: fri

Arne Garborg var fødd som odelsgut i TimeJæren i Rogaland og døydde i Asker i Akershus. Dei første barndomsåra var ei lykkeleg tid, men då han var i 9-årsalderen, vart heimen hans radikalt forandra, idet faren kom inn i ei religiøs krise. Faren var periodevis sinnslidande, og barndomen var prega av farens depresjonar og tunge religiøsitet. Faren til Garborg selde ættegarden i 1869 og tok seinare sitt eige liv.

I 1866 gjekk Garborg på lærarskule i Time, og i det handskrivne bladet til skulen, Mjøllemsstunda, skreiv han dikt og artiklar om pedagogiske og religiøse spørsmål. I perioden 1866–1868 var han lærer i Hetland ved Stavanger. Deretter gjekk han på Holt seminar (ved Tvedestrand) frå 1868–1870. Garborg var lærar i Søndeled ved Risør i 1870–1871. Han drog seinare til Kristiania (Oslo) og tok studenteksamen i 1875.

Garborg gifta seg i 1887 med Hulda Bergersen (Hulda Garborg) og flytta til Kolbotnen i Østerdalen. Hulda og Arne Garborg busette seg i 1897 på Labråten i den såkalla Kunstnerdalen i Asker.

Journalistikk

Arne Garborg starta i 1871 eit blad for lærarar, først kalla Seminaristen, seinare Lærer-standens avis. Frå 1872 redigerte han òg Tvedestrandsposten. Våren 1873 sende han ut si første bok, Smaa-stubbar af Alf Buestreng. Frå nyttår 1876 vart han medarbeidar i Aftenbladet. Her skreiv han mellom anna ein artikkel der han forsvarte universitetet som i 1876 nekta Georg Brandes auditorium.

I Aftenbladet skreiv han òg nokre kvasse innlegg i målstriden som kom i bokform i 1877 under tittelen Den ny-norske språk- og Nationalitetsbevægelse. Same år byrja han å gi ut bladet Fedraheimen. Her trykte han forteljingane Av laak Ætt, Hemn og Seld til den vonde.

Garborgs eige nynorske folkeopplysningsprosjekt gjennom Fedraheimen blei ikkje straks berre ein publikumssuksess. Ein grunn var radikaliteten i kravet om toleranse, fri kunnskapsutvikling og ytringsfridom i essay som Um tålsemd i tru og meiningar (1878), Censur! (1879), Um å tenkja (1880) og Kva er ’Humanitet’? (1881). Ein annan var fritenkjarstempelet. Den politiske radikaliseringa og fleire skarpe oppgjer med teologiske autoritetar, for eksempel i essayet om Vantroens Væsen, førte til at Fedraheimen mista tingarar, og han måtte overlate bladet til andre frå 1883.

Samtidig markerte Garborg seg tydeleg både som intellektuell skribent og skjønnlitterær forfattar gjennom fleire eigne utgivingar. Ei framhaldsforteljing med den abonnentskræmande tittelen Ein Fritenkjar frå Fedraheimen i 1878–1879 kom i bokform i 1881 og på nytt i Forteljingar og Sogur (1884). Større foredrag i Studentersamfundet kom som særtrykk: Den religiøse Erkjendelses Princip (1881) og Betegner den moderne naturalisme i poesien et fremskridt eller et forfald? (1882).

Seinare stod Garborg sentralt i skipinga av tidsskriftet Syn og Segn i 1894 og nynorskavisa Den 17de Mai, saman med Rasmus Steinsvik. Garborg var politisk redaktør i Den 17de Mai, som resten av livet skulle bli det viktigaste forumet for debattanten og artikkelskribenten Garborg. Berre i startåret publiserte han nærare 150 artiklar og innlegg, svært mange av dei om unionspolitiske spørsmål.

Forfattarskap

Eit av Garborgs hovudverk er Fred (1892). Det er vanleg og naturleg å lese han sjølvbiografisk. Liksom bonden Enok Hove i boka enda far til Arne Garborg strevet etter jordisk og himmelsk fred med sjølvmord. Og liksom odelsguten Gunnar sa Arne frå seg garden og reiste bort i frustrasjon over oppvekst- og oppsedingsvilkåra heime. Likevel blir forteljinga om Hove-heimen noe meir enn bidrag til ein personleg Garborg-biografi. Fred er som kunstverk både ei personleg familieskildring, ei skildring av det norske bondesamfunnet i omlegging – og ein allmenn djuptborande religionspsykologisk og -sosiologisk studie – på høgd med det beste i europeisk litteratur.
«Fred» (utgåve frå 1998)
Av /Aschehoug.

Garborg skapte mønsterverk innanfor fleire ulike sjangrar og fleire periodar. Romanane Bondestudentar (1883), Trætte Mænd (1891) og Fred (1892) er dei viktigaste episke verka til Garborg. Desse tre bøkene er døme på eitt klassisk realistisk, eitt premodernistisk-dekadent, og eitt naturalistisk og karnevalistisk verk, skrivne av Garborg i tre ulike periodar.

Garborg skreiv heilt frå skuledagane og debuterte med Smaastubber af Alf Buestreng (1873). Det inneheld mellom anna eit dramatisk dikt med aktørar som står for ulike sider ved det uavklåra livssynet til den unge diktaren: kristendom, idealisme, ateisme, materialisme og skeptisisme kjem i verbal fektekamp ved ein herremiddag, som ei stilisert framstilling av åndsretningar i tida.

Større oppsikt enn småstubbane vekte skriftet Henrik Ibsen’s «Keiser og Galilæer». En kritisk Studie af G. (1873). Det kom snart i nytt opplag og markerte Garborgs gjennombrot som skarp litteraturkritikar med djuptpløyande analysar av sambandet mellom dikting og åndsretningar i brytning. Ibsenstudien signaliserte òg starten på ein gradvis overgang hos Garborg frå ein estetisk, litt ironisk leikande kommentatorposisjon til krav om etisk fundert handling og deltaking i samfunnslivet.

Gjennombrotsromanen Bondestudentar er ein av dei viktigaste sosial- og kulturhistoriske skildringar i norsk dikting, med ei skildring av den norske fattigdommen og åndsarmoda. Romanen var skrive for å eggje bonden til mot, og skildrar temaet med ein kombinasjon av økonomisk og sosial realisme, og moralsk patos.

Strid

I 1882 vekte Garborg strid i Stortinget, då han hadde søkt om eit reisestipend. Stipendet vart nekta han, då han vart rekna som ein farleg mann. Han hadde vore statsrevisor frå 1883, men i 1887 vart han ikkje attvalt. Den nye radikale regjeringa, med Johan Sverdrup i spissen, vart ein skuffelse for Garborg, noko han gav uttrykk for i skodespelet Uforsonlige (1888). Hans tidlegare nære alliansepartnar Sverdrup vart sett på som «Foræder» i hendene på «den klerikale Reaktion» som hadde vist andlet mellom anna i Kiellandsaka. Uforsonlige er aldri blitt vist på norsk scene, men skal ha vore sett opp i Berlin.

Garborg kom òg i strid med teologane (J. C. Heuch, Fr. Petersen). Garborg sitt største innlegg i moraldebatten var likevel den naturalistiske romanen Mannfolk (1886). I 1888 samla han nokre innlegg i debatten i bokform under tittelen Fri Skilsmisse. Reaksjonen melde seg igjen i politikk og åndsliv.

Seinare utgjevingar

I Tyskland og Frankrike blei Arne Garborg påverka av anarkismen og sosialismens fridomsidear. Frå Paris skræmde han landsmenn og byfolk med Anarkistsong til Fedraheimen (1886). Heimkomen publiserte han Politistyre og personlig Frihed, der han nærast kritiserte landet for å vere politistyrt og ligge «ope for fridomsfiendsleg innverknad frå to kantar – frå kontor- og politistaten Tyskland og frå det puritanske England» (Thesen). Venstres erobring av politisk makt frå tidlegare i 1880-åra var blitt avløyst av splitting, reaksjon og politisk handel, meinte han, og ikkje nytta til vidare individuell daning og sosial frigjering for folket.
«Arne Garborg i kunstnerens atelier i Paris» (1887)
Av /Nasjonalmuseet/Høstland, Børre.

Mot slutten av 1880-åra gjekk Garborg over til å skrive i epistelform i Kolbotnbrev (bokform i 1890), som fortel om flyttinga til Tynset i 1887 og ekteskapet med Hulda. Her kom ei ny side av Garborg fram: den sterke naturkjensla hans og hans evne til å skildre naturen. Eit overgangsverk til ein meir psykologisk stil er Trætte Mænd. Den vart av mange tekne for å vere ei omvendingsbok, men Garborg protesterte fleire gonger mot det. I grunnen gjorde han her eit forsøk på å frigjere seg frå trøyttleiken og «dekadanse»-stemninga som han bar i sitt eige sinn, men som også var eit tidsfenomen.

Samtidig henta Garborg tematikk frå den pietistiske og tragiske barndomens Jæren og skreiv meisterverk som Fred, diktsyklusen Haugtussa (1895), skodespelet Læraren (1896) og den prosalyriske Den burtkomne Faderen (1899). Haugtussa (med framhaldet I helheim) er eit lyrisk hovudverk i norsk litteratur og det fremste dømet på den fornya interessa for lyrikk i 1890-åra. Det føyer seg inn i dei episke diktsyklusane frå Draumkvedet til Paal-Helge Haugens Anne. Med Haugtussa ville han gje eit positivt «Bilæte fraa det eldre og meir egte jærske Bondelive». Gjennom ei folkeleg diktform og bruk av tradisjonsstoff tematiserer han individuelle konfliktar, samtidig som verket er sterkt samfunnskritisk. Dikta kan lesast både som frittståande tekstar og som forteljinga om Veslemøy.

Eit særskilt trekk ved Garborg er den store breidda i bruken av litterære former og at han lukkast med så mange av dei. Innanfor sakprosa skreiv Garborg essay som Hanna Winsnes’ Kogebog (1890) eller epistlane i brevbøkene. Det viktigaste verket etter hundreårsskiftet er det store sjølvbiografiske verket Knudaheibrev (1904). Her utdjupar han barndoms- og ungdomstida og set heile sitt vaksne liv inn i ein kulturkritisk samanheng. Etter at han slutta å skrive fiksjonsverk, arbeidde han med omsetjingar og sakprosa.

Målsaka og unionsstriden

Eit overordna prosjekt i Garborgs livsverk var å finne ut av vilkåra for fridom og sjølvstendig eksistens både for individ og nasjon. Her la han vekt på sambandet mellom språk, kommunikasjon og kulturell daning og sambandet mellom menneska sine materielle og åndelege vilkår. Som «jærbu og europear» problematiserte han stadig spenninga mellom det stadbundne og det utoversøkjande i menneskelivet og mellom tradisjonen og det moderne. I dette spenningsfeltet såg han sitt eige livsløp – som han i skrift gjorde til bilete på nasjonens identitetsdaningskonfliktar.
Arne Garborg
Av /NTB ※.

Språkspørsmålet var viktig for Garborg på fleire nivå. Eksistensielt greip han målsaka som livsoppgåve då han glei ut av den tradisjonelle religionen på slutten av 1870-åra. Garborg si nye livstru møter ein i artikkelen «Troen paa livet» (Samtiden 1895) og endå meir i diktsyklusen Haugtussa. Boka om Veslemøy gir eit bilete av hans eigen strid mot «trollmaktene», og gir uttrykk for trua hans på det gode i mennesket. Samtidig som Garborg fjerna seg frå kristendommen, nærma han seg dei radikale ideane i tida, og frå ca. 1880 står han saman med menn som Bjørnstjerne Bjørnson og Johan Sverdrup i kampen for demokrati og åndsfridom.

I tida fram til riksrettsstridane i 1883–1884 var Garborg, saman med Bjørnson, ein av kulturlivets mest markante og produktive talsmenn på den radikale venstresida for parlamentarisme og ein uavhengig unionspolitikk. I treårsperioden 1880–1883 skreiv han over 400 bidrag til aviser og tidsskrift – alt frå små kommentarar og polemiske innlegg til foredrag, artiklar, essay og større skjønnlitterære forteljingar.

I samband med unionsstriden var Garborg på jakt etter det gode grunnlaget i folket. Han peika på dette i Haugtussa, men trekte det endå meir fram i skodespelet Læraren (1896) og i prosadiktet Den burtkomne Faderen (1899). Han bar på ein draum om å gjenreise det gamle friske bygdelivet og frigjere bonden både frå pietismen og kapitalismen. Det nye livssynet sitt utvikla han vidare i visjonsdiktet I Helheim (1901), som er ei fortsetjing av Haugtussa.

I Den Nynorske Sprog- og Nationalitetsbevægelse (1877) lanserte han den såkalla tonasjonslæra, nemleg at dansk(-norsk) og norsk utgjer to ulike nasjonar som er i strid. Noreg var ikkje «sig selv» som ein nasjon, men hadde «Dobbelnationalitet» på grunn av eit misforhold mellom talemålet til folkefleirtalet på den eine sida og det rådande dansk-norske skriftspråket. Dette var både pedagogisk og sosialt uheldig, og det hindra utviklinga av ein autentisk nasjonal kultur og identitet.

Garborg stod slik på motsett side av Bjørnson i målstriden både i 1880- og 1890-åra (Norsk eller dansk-norsk? Svar til Bjørnson, 1888). Verket gjorde Garborg til ein sentral aktør i landsmålsrørsla, der han utførte mykje organisatorisk arbeid. I tillegg til skiping av ulike landsmålsaviser la han og Hulda Garborg grunnlaget for skipinga av Det Norske Teatret i 1912, og han argumenterte for landsgymnasa.

I Bondestudentar gjorde Garborg igjen språkleg og kulturell identitet til eit hovudtema. Han var òg med på å utforme den såkalla midlandsnormalen, som tok opp i seg fleire austlandske språkformer. I hans tanke fall politisk frigjering saman med språkleg frigjering. I diktinga, og særleg i jærbøkene, synte han kor store litterære ressursar som ligg i dei norske dialektane. Som dei andre pionerane i landsmålsrørsla skreiv han også dansk(-norsk), både i essay og i romanar.

Filosofi

Overfor Nietzsche var Garborg ambivalent. Han kunne ikkje slutte seg til den negative samfunnsmoralen til filosofen, men Garborg var fascinert av den konsekvente kritiske tenkinga hans. Han kjende seg på mange måtar igjen i alle spenningane i Nietzsche mellom logikk og mystikk, tenking og drøyming, livsnyting og askese.

Arne Garborg
Av /NTB ※.

Gjennom alle omskiftingane hos Garborg er det nokre konstante trekk: Han var solidarisk med bonden og bakgrunnen sin, var politisk radikal og maktkritisk, og var orientert mot ei nasjonal fornying. Men innhaldet i dette nytolka han heile tida, gjennom formidling av sentrale europeiske filosofiar og ideologiar. Dermed var han ein av dei viktigaste formidlarane av samtidsfilosofien i Noreg.

Garborg hevda sjølv at to tema opptok han heile livet: det nasjonale og det religiøse. Denne tematikken førte han inn i og ut av ei rekkje ideologiske posisjonar. Han lærte filosofi av den konservative hegelianaren Marcus J. Monrad, og i dei aller første artiklane sine forsvarte han ein tradisjonell, dogmatisk kristendom. Mellom anna forsvarte han avgjerda om å nekte Georg Brandes å førelese på universitetet, av religiøse grunnar.

Vitskapen og rasjonaliteten

Garborg kunne ikkje i lengda avvise vitskapen sin rett til å problematisere også religionen. Dette førte han i første omgang over i ein rasjonalistisk posisjon, inspirert av Brandes og John Stuart Mill. Den realistiske og naturalistiske litteraturen undersøkte samfunnet kritisk, også dei ideologiske sanningane i kyrkje, heim og skule. Sentralt i denne første tida var oppgjeret med borgarleg moral og åtaket på prostitusjonen i Mandfolk (1886). Garborg skreiv polemiske meisterstykke mot til dømes biskop J.C. Heuch, som i Vantroens Væsen ville halde dei nye tankane frå livet.

Mot slutten av 1880-åra var Garborg av dei første som formidla tvilen på vitskapen og rasjonalismen. Han analyserte dette i artikkelserien «Den idealistiske Reaktion – Ny-idealismen» i Dagbladet i 1890. Han fanga opp den nye interessa for mystikk, som fanst i teosofi og udogmatisk religion, noko han skriv spøkefullt om i Kolbotnbrev (1890). Her tok han opp att den religiøse problematikken, samstundes som han tok opp stoff frå barndomens Jæren i diktinga.

Nietzsche

Filosofisk finn ein i ulike tilnærmingar hos Garborg utover i 1890-åra, gjennom innlevande drøfting av dekadensen, inn i ei nietzschiansk «tru på livet» og til ei tilslutning til Leo Tolstojs etiske kristendomstolking. Alt i 1890 omsette han Ola Hanssons bok om Friedrich Nietzsche. Gjennom verka om Hoveslekta formar han ut ei lære om Jesu etikk, med vekt på det dennesidig forpliktande, som han knyter til målsak og nasjonalt arbeid. Til sist lanserer han ei ny tolking av evangelia i Det nye testamentet, i verket Jesus Messias (1906), som har samband med samtidig tysk liberal teologi.

Georgismen

Arne Garborg på Knudaheio, 1909. I 1898 bygde Arne og Hulda Garborg jærhuset Knudaheio ved Undheim, ikkje langt frå heimgarden hans. Knudaheio var feriebustad og diktarstove for paret. Begge er gravlagde her.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Etter unionsoppløysinga i 1905, som vart eit skuffande år for republikanaren Garborg, var det særleg jordspørsmålet som interesserte han. Han var inne på det i Jesus Messias, som elles var eit veldig angrep på kyrkja og teologane, og vekte stor oppsikt og strid. Endå meir kjem han inn på jordspørsmålet i Heimkomin Son (1908). Denne posisjonen heldt han fast ved, og dei siste åra knytte han seg sterkt til Henry Georges agrarsosialisme. Denne georgismen forkynte han òg i ei rekkje artiklar og foredrag (til dømes Vaknande spursmaal, 1915). Også i dagboka som han førte frå 1905 til sin død (utgitt av Hulda Garborg i 1924–1927) kjem han stadig inn på georgismen som eit håp for framtida.

Omsetjing som reiskap

vart-hvitt foto. Garborg og Acharya sitter på en gresskledd bakke med en skigard, tradisjonelle lafta bygninger og et fjellandskap i bakgrunnen. Foran dem er det noen lave kasser som fungerer som noen slags bord. Garborg har penn og papir. Acharya har på turban og kjortel, Garborg har hatt og en kort frakk.
Ananda Acharaya og Arne Garborg jobbar med omsetjinga av Ramayana frå sanskrit til nynorsk i Alvdal i 1921.
.

Ein viktig del av det målpolitiske arbeidet hans var omsetjingane av klassiske tekstar, som Det Norske Samlaget la vekt på. Det største arbeidet Garborg sjølv gjorde var omsetjinga av Odysseen frå gresk. Han omsette òg fleire Ludvig Holberg- og William Shakespeare-drama, omsette det store indiske «Ramakvædet» (saman med Sri Ananda Acharya), og var medhjelpar i Arctander si omsetjing av Faust. Garborg fekk i 1898 statslønna som Ivar Aasen hadde hatt, noko som hjalp til at han kunne gjere dette omsetjingsarbeidet så grundig.

Internasjonal anerkjenning

Berlin var den staden i utlandet Garborg lykkast best, først og fremst gjennom det intellektuelle miljøet rundt teaterscenen og tidsskriftet Freie Bühne der han var medarbeidar, og som prenta mange essay om og av Garborg. Dei tyske utgåvene av Bondestudentar og Mannfolk (i Budapest) og Hjaa ho Mor (i Berlin) skaffa han såleis internasjonalt ei litterær anerkjenning og ei økonomisk støtte han ikkje fekk i Noreg. I 1890 fekk han eit stipend på nesten to tusen mark frå Freie Bühne.

Utmerkingar og minnesmerke

Av /Ørjan Zazzera Johansen/Garborgsenteret.
Av /Nasjonalmuseet/Høstland, Børre.

For romanen Hjaa ho Mor (på dansk Hos Mama, 1890) fekk Arne Garborg ein tysk pris. Til 70-årsdagen fekk han ei heidersgåve av det norske folket på bortimot 100 000 kroner – og ein hest – som var blitt samla inn, særleg blant ungdommen.

I samband med 150-årsjubileet i juli 2001 for Garborg sin fødsel vart det avduka ein statue av han i Time, utført av bilethoggaren Fritz Røed. Det nasjonale Garborgsenteret på Bryne opna i 2012.

Utgjevingar

Skodespelet Læraren hadde urpremiere på Det Norske Teatret 1912 i Hulda Garborgs regi. Det Norske Teatret har sett opp stykket fleire gonger oppigjennom, og det er også spela på andre scener landet over. I 1938 (biletet) spela Ingjald Haaland læraren Paulus Hove og Nils Hald Gudleik.
Av /Nasjonalbiblioteket.
Tittel År
Smaa-stubber af Alf Buestreng 1873
Kejser og Galilæer. En kritisk Studie 1873
Gud signe Norigs Land (fedrelandssong) 1878
Ein Fritenkjar (roman), i bokform 1881
Bondestudentar (roman) 1883
Forteljingar og Sogur 1884
Mannfolk (roman) 1886
Fri Skilsmisse (essaysamling) 1888
Uforsonlige (skodespel) 1888
Kolbotnbrev, i bokform 1890
Hjaa ho Mor (roman) 1890
Trætte Mænd (roman i dagboksform) 1891
Fred (roman) 1892
Fra det mørke fastland 1893
Haugtussa (episk diktring) 1895
Læraren (skodespel) 1896
Den burtkomne Faderen (i dagboksform) 1899
I Helheim (visjonsdikt) 1901
Fjell-luft og andre Smaastykke 1903
Knudaheibrev 1904
Heimkomin Son 1908
Dagbok 1905–1923 (6 band), utgitt posthumt

Samleutgåver

  • Jubileumsutgåve av skriftene i 7 bind i 1921–1922; ei utgåve i 12 bind (1980).
  • Utval av artiklar av Garborg i 2 bind: Politik. Bladinnlegg fraa 1870-aari til riksretten (1919) og Straumdrag. Literære utgreidingar fraa aatti- og nitti-aari (1920).
  • Større utgåve av artiklar: Tankar og utsyn (2 bind) (1950) ved J. A. Dale og R. Thesen; også utgitt i 2 bind under tittelen Mogning og manndom (1954).
  • Artiklar ved J. A. Dale (1967).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Andersen, Thor M.: Garborg-litteratur 1866-1942 : ein bibliografi, 1943-45 (Norsk bibliografisk bibliotek, b. 3, h. 5, s. 193-321)
  • Bø, Gudleiv: Veslemøys verden : veiviser i Haugtussa, 2002
  • Dale, Johs A.: Studiar i Arne Garborgs språk og stil, 1950
  • Dale, Johs A.: Garborg-studiar, 1969
  • Frøyen, Morten Haug & Sveinung Time: Arne Garborgs kulturnasjonalisme : to studiar, 1996
  • Lie, Erik: Arne Garborg : en livsskildring, 1914
  • Midbøe, Hans: Arne Garborg og Bondestudentar, 1951
  • Mork, Geir: Den reflekterte latteren : på spor etter Arne Garborgs ironi, 2002
  • Mortensson-Egnund, Ivar: Arne Garborg : ein fyretalsmann, 2. utg., 1924
  • NBL 2. utg.
  • Obrestad, Tor: Arne Garborg : ein biografi, 1991
  • Sjåvik, Jan: Arne Garborgs Kristiania-romaner : en beretterteknisk studie, 1985
  • Thesen, Rolv: Arne Garborg, 1933-39, 3 b. (Frå jærbu til europear ; Europearen ; Europear og jærbu)
  • Thorn, Finn: Arne Garborg og kristendommen, 1972
  • Time, Sveinung: Arne Garborg i Norsk biografisk leksikon.
  • Time, Sveinung & Egil Lejon, red.: Aadne Garborg, 1981
  • Åmlid, Ånund: Arne Garborg : svein og meister : ei historisk-genetisk innleiding til gjenombrotsdiktinga hans, 1938

Faktaboks

Arne Garborg
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037030002786

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg