Versj. 8
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 12. juni 2024. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Sigmar er eit mannsnamn som er kjent sidan 1893. Det finst ikkje i norrønt, derimot i runesvensk: Sig-mar. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘siger’ og etterleddet ‘berømt’.

Enda lenger bak finn vi namnet skrive Segimerus hos den romerske historikaren Tacitus (cirka 56–120). Dette er altså eit svært gammalt namn.

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Sigmar Hansen fødd 1893 i Leka (Nord-Trøndelag). Sigmar hadde også to søsken med namn som begynner på Sig-: Sigvard og Signe.

Eit utval personar med namnet Sigmar, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Sigmar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.