Versj. 46
Denne versjonen ble publisert av Lars Mæhlum 27. februar 2023. Artikkelen endret 85 tegn fra forrige versjon.

Folldal er ein kommune i Innlandet fylke. Kommunen vart oppretta ved at Folldal sokn vart skilt ut frå Alvdal i 1914. Folldal er ei fjellbygd som omfattar den øvre delen av Folldalen med sidedalar, vest for Alvdal og Tynset. I nordvest grensar kommunen til Trøndelag (Oppdal), i sørvest til Dovre og Sel. Denne grensa går gjennom den nordaustlege delen av Rondane, og har vore omdiskutert. Ho vart fastlagd siste gong ved kongeleg resolusjon i 1978.

Berggrunnen i den sørvestlege delen (Rondane) består av sparagmitt frå eokambrium, medan der er fyllitt og jamnare fjellvidder nord for Grimsdalen. Fyllitten er somme stader gjennomtrengd av gabbro og granitt, som i nord dannar toppar som Høg-Gia (1641 meter over havet).

I dalsidene finst mektige sandavsetningar (som Grimsmoen) som vart avsette på botnen av ein bredemd sjø. I Rondane, på grensa til Dovre, ligg den høgaste toppen i kommunen, Rondslottet (2178 meter over havet), som også er det høgaste fjellet i tidlegare Hedmark fylke. I Folldals del av Rondane finst der sju toppar til som er høgare enn 2000 meter.

Folldal blei busett i første halvdel av 1600-talet, men først då gruvedrifta begynte i 1748, blei det busetnad av betydning. Omkring gruvene til Folldal Verk, i lia på nordsida av Folla, voks tettstaden Folldal fram. Det meste av busetnaden i dag ligg i Nybyen, på det noko flatare partiet ned mot Folla og fylkesveg 29.

Folldal er administrasjonssenteret i kommunen og den einaste tettstaden. Hovuddalen elles har den mest vesentlege busetjinga i dag. Resten av busetjinga er til dels svært spreidd, og har grunnlag i jordbruket. Folketalet i Folldal har vore i tilbakegang sidan 1970-åra. I tiårsperioden 2014-2023 gjekk folketalet tilbake med 6,9 prosent, mot ein auke på 1,9 prosent i heile Innlandet.

Folldal Verk var den klart viktigaste arbeidsplassen i Folldal fram til 1993, då drifta stansa. I perioden 1970–1993 skjedde gruvedrifta på Hjerkinn i nabokommunen Dovre. Driftsbygningane frå gruvedrifta er delvis flytta frå Hjerkinn til Folldal. Desse blir nytta for ny industriverksemd med mellom anna Norfolier GreenTec AS, som driv gjenvinning av landbruksplast. I Folldal sentrum ligg næringsmiddelbedrifta Primar AS, som mellom anna produserer bakalao.

Jordbruksarealet er i hovudsak eng og beite, og hovudinntekta kjem frå husdyrhald. Rike fjellbeite og gode seterbilvegar gjer at seterbruket framleis er av betydning. 13 prosent av sysselsetjinga i kommunen er innan jord- og skogbruk, 11 prosent i industrien (2021). Turistnæringa betyr etter kvart mykje, med turiststasjonar, gjesteheimar og liknande som utgangspunkt for fjellturar i Rondane og Dovrefjell.

Folldal er ein svært liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 60 gigawattimar (GWh) per 2020. Einunna er det einaste kraftverket i kommunen.

Fylkesveg 29 går gjennom hovuddalen frå Alvdal til Hjerkinn. Frå administrasjonssenteret Folldal og sørover gjennom Nord-Atnedal går fylkesveg 27 til Atna og vidare over Venabygdsfjellet frå Enden til Ringebu.

Folldal høyrer til Innlandet politidistrikt, Østre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Fjellregionen regionråd saman med Alvdal, Os, Rendalen, Røros, Tolga og Tynset.

Folldal kommune svarer til dei to sokna Folldal og Øvre Folldal i Nord-Østerdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Folldal til Nordre Østerdalen fogderi (futedømme) i Hedemarkens amt.

For statistiske føremål er Folldal kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 15 grunnkrinsar: Ryeng, Grimsbu, Brandsnes, Atnedal, Søndre Kirkekrets, Nordre Kirkekrets, Morkagrenda, Verket, Husom, Dalen østre, Dalen vestre, Slåen, Folldal Østfjell nord, Folldal Østfjell sør og Folldal sentrum.

Folldal Bygdetun ligg ved Streitlien og er eit friluftsmuseum med dekorerte bygningar frå Folldal og Dovre, samla av Tore Segelcke og Anton Raabe. Folldal Gruver er no eit bergverksmuseum om Folldal Verks gamle verksemd frå 1748 med gjenstandar og utstyr. Folldal kyrkje er ei langkyrkje i tre, bygd i 1882 i nygotisk stil.

Kommunevåpenet blei godkjent i 1988 og har ei skrått framveksande hakke av gull mot raud bakgrunn. Motivet symboliserer jordbruk og gruvedrift.

  • Streitlien, Ivar A.: Bygdebok for Folldal, 1974–98, 4 bind. (bind 4: Folldal verks historie, red. av Bjørn Bækkelund og S.J. Kalvatn). Les boka på nb.no
  • Støen, Vidar: Utvandrerhistorie for Folldal: håpet om ei bedre framtid, 2002.
  • Sæter, Ivar: Foldalen, 1920. Les boka