Ytrefilet
Utsjånad

Ytrefilet er eit kjøtstykke som kjem frå området langs ryggrada på eit dyr, i filetkammen,[1] lengre oppe enn indrefilet. Han blir danna av den breie ryggmuskelen, musculus longissimus dorsi.[2] Ein kan få ytrefilet frå til dømes storfe, svin, får, hjort, elg[3] og reinsdyr. Kvart dyr kan gje to filetar.[4]
Ytrefilet er eit mørt stykke frå storfe,[5] og ei av dei møraste frå svin.[6] Ein ytrefilet er lang og kan skjerast opp i fleire biffstykke.[7]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ytrefilet av storfe», www.jacobs.no (på norsk), henta 2020-06-20
- ↑ Slinde, Erik (2019-03-14). «ytrefilet». Store norske leksikon (på bokmål).
- ↑ Partering av storvilt (PDF), jamthund.no, 2010-05-23
- ↑ Ruud, Solveig, «Saken er biff: Hvordan unngå at den ender som en seig skosåle?», Aftenposten (på bokmål), henta 2020-06-20
- ↑ «Ytrefilet av storfe», www.jacobs.no (på norsk), henta 2020-06-20
- ↑ «Svin ytrefilet», www.matprat.no (på norsk), henta 2020-06-20
- ↑ «Hvordan oppnå den perfekte biffen?», www.matprat.no (på norsk), henta 2020-06-20