Sellaitt
Utsjånad
| Sellaitt | |||
| Sellaittkrystall frå Serra das Éguas i Brasil (storleik: 4.2 x 2.4 x 2 cm) | |||
| Generelt | |||
|---|---|---|---|
| Kategori | Halidmineral | ||
| Kjemisk formel | MgF2 | ||
| Strunz-klassifisering | 3.AB.15 | ||
| Krystallsymmetri | Tetragonal, ditetragonal dipyramidal H-M-symbol: (4/m 2/m 2/m) Romgruppe: P 41/mnm | ||
| Einingscelle | a = 4.6213(2) Å, c = 3.0519(1) Å; Z=2 | ||
| Identifikasjon | |||
| Farge | fargelaus til kvit | ||
| Krystallform | Prismatiske krystall; trådaktig, radial, sfærulittisk | ||
| Krystallsystem | Tetragonal | ||
| Tvilling | på {011} | ||
| Kløyv | perfekt på {010} og {110} | ||
| Brot | Muslig | ||
| Fastleik | Sprø | ||
| Mohs hardleiksskala | 5–5.5 | ||
| Glans | glasaktig | ||
| Transparens | Gjennomsiktig | ||
| Spesifikk vekt | 3.15 | ||
| Optiske eigenskapar | |||
| Optiske eigenskapar | Einaksa (+) | ||
| Brytingsindeks | nω = 1.378 nε = 1.390 | ||
| Dobbeltbryting | δ = 0.012 | ||
| Kjelder | [1][2][3] | ||
Sellaitt er eit relativt sjeldant, fargelaust til kvitt mineral som består av magnesiumfluorid, MgF2. Det krystalliserer tetragonalt med same struktur som rutil, TiO2.
Det vart først skildra i 1868 og kalla opp etter den italienske gruveingeniøren og mineralogen Quintino Sella (1827–1884). Typelokalitet er Gébroulazbreen i Val Thorens i Savoie i Rhône-Alpes i Frankrike.
Det finst i særs små mengder på druserom i ekeritt ved Gjerdingselva i Nordmarka ved Oslo.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sellaitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/sellaitt.