Hopp til innhald

Michael Rice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Rice

Fødd25. oktober 1997 (28 år)
FødestadHartlepool
OpphavStorbritannia
Aktiv2014–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka sommusikar, songar

Michael Rice (fødd 25. oktober 1997) er ein engelsk songar. Han representerte Storbritannia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel med songen «Bigger than Us».[1] Før dette vann han den fyrste sesongen av songtevlinga All Together Now på BBC One i 2018. I tillegg var han også deltakar i den ellevte sesongen av britiske X Factor i 2014.[2]

2014–2018: The X Factor og All Together Now

[endre | endre wikiteksten]

I 2014 deltok Rice i den ellevte sesongen av X Factor i Storbritannia. Han prøvesong i tevlinga med «I Look to You» av Whitney Houston. Han vart eliminert før finalerundane. I 2018 deltok han i songtevlinga All Together Now på BBC One, som han også vann.

Framsyningar i All Together Now
Show Songval Poeng Resultat
Runde 1 «Proud Mary» av Tina Turner 100 1.
Finale «Crazy in Love» av Beyoncé med Jay-Z 95 1.
«Hallelujah» av Leonard Cohen 94 Vinnar

2019: Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

I januar 2019 offentleggjorde BBC at Rice var ein av seks artistar som skulle delta i Eurovision: You Decide, den britiske uttakinga til Eurovision Song Contest. Fredag 8. februar 2019 vann Eurovision: You Decide med songen «Bigger than Us», skriven av Laurell Barker, Anna-Klara Folin, John Lundvik og Jonas Thander. Rice fekk dimed representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. I finalen enda han på sisteplass av 26 deltakarar.[3]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
Tittel År Album
«Bigger than Us» 2019 Ikkje frå album
  1. ↑ «Talent show winner chosen for Eurovision». 8. februar 2019.
  2. ↑ «BBC - Saturday night entertainment show All Together Now to return to BBC One for second series - Media Centre». Henta 2019-02-09.
  3. ↑ «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019.