Maduresisk
| Maduresisk Madhura, Basa Mathura | ||
| Klassifisering | Austronesisk Malayo-polynesisk Sunda-sulawesisk Maduresisk | |
| Bruk | ||
| Maduresisktalande i alt | 15 millionar | |
| Skriftsystem | Latinsk, javanesisk | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-2 | mad | |
| ISO 639-3 | mad | |
|
| ||
Maduresisk er språket til maduresarane på øya Madura og aust på øya Java i Indonesia; språket vert også tala på dei små øygruppene Kangean-øyane og Sapudi-øyane, så vel som av migrantar til andre delar av Indonesia. Desse omfattar Pasuruan, Surabaja, Malang til Banyuwangi, Masalembu-øyane, til og med av nokre på Kalimantan.[1] Kangean-språket kan vere eit eige språk, men kan òg klassifiserast som ein dialekt av maduresisk. Maduresisk er eit austronesisk språk.


Tradisjonelt har maduresisk vore skrive med javanesiske språkteikn, men i dag er det vanlegast å bruke det latinske alfabetet. Talemålet vert brukt av kringom 10-13 millionar menneske, slik at det er eitt av dei mest utbreidde språka i landet.[2] Talet på brukarar er svakt minkande.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Rusiandi, Awaludin; Patrianto, Hero (2011). «Kajian Dialektologi Terhadap Bahasa Madura di Madura Kepulauan: Pulau Giliraja dan Raas». Jurnal Penelitian Bahasa (på indonesisk). Data Pokok Kebahasaan dan Kesastraan, Kementerian Pendidikan dan Kebudayaan Republik Indonesia. Henta 15. juni 2025.
- ↑ «Perilaku Bahasa Orang Madura» (PDF). Kemdikbud (på indonesisk). Henta 7. mars 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Madurese language» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juni 2012.