Gerd Faltings
Utsjånad
Gerd Faltings (fødd 28. juli 1954) er ein tysk matematikar.
Etter å ha avlagt doktorgraden ved Universitet i München i 1978, hadde han eit studieopphald ved Harvard University i USA til 1979, før han reiste attende til Tyskland. Han var først i München 1979 til 1982 og så ved Universitet i Wuppertal frå 1982 til 1984. Han arbeidde ved Princeton University i USA frå 1985 til 96, og frå 1996 ved Max-Planck-Institut für Mathematik i Bonn i Tyskland. Falting har særleg arbeidd med algebraisk geometri og er kjend for å ha løyst eit gammalt problem, «Mordells formodning». For dette vart han i 1986 tildelt den eksklusive Fieldsmedaljen.
Han vann Abelprisen 2026.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ertesvåg, Frank (2026-03-19), «Gerd mattenerd får Abelpris og 7,5 mill.», VG (på norsk), henta 2026-03-19
- «Gerd Faltings». Store norske leksikon. 2011-11-14.