Hopp til innhald

Elvin Jones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elvin Jones

StatsborgarskapUSA
Fødd9. september 1927
Pontiac
Død

18. mai 2004 (76 år)
Englewood

Yrkejazztrommis, plateartist, jazzmusikar, trommeslagar, musikar
Språkengelsk
Medlem avThe Jones Brothers[*], John Coltrane Quartet[*], John Coltrane Quintet[*]
EktefelleKeiko Jones
Nettstadhttp://www.elvinjones.com/
Elvin Jones på Commons

Elvin Ray Jones (9. september 1927–18. mai 2004) var ein amerikansk jazzbatterist. Han vart fødd i Pontiac i Michigan som yngstemann i ein familie på ti. To av brørne var òg jazzmusikarar: Hank (piano), og Thad (trompet/flygelhorn).

Elvin byrja å spele profesjonelt på 1940-talet. Etter kvar byrja han å spele med artistar som Charlie Parker, Miles Davis og Wardell Grey. I 1955, etter å ha vorte vraka etter prøvespeling for Benny Goodman, fann han arbeid i New York. Han vart med i bandet til Charles Mingus, og gav ut ei plate med namnet J is for Jazz. I 1960 vart han medlem av den klassiske kvartetten til John Coltrane med Jimmy Garrison og McCoy Tyner. Han heldt fram med å spele med Coltrane til 1966. Samspelet med Coltrane har av mange vorte sett på som ei redefinering av swing (den rytmiske jazzkjensla), på same måte som Louis Armstrong gjorde det i jazzen sin barndom.

Etter samarbeidet med Coltrane byrja han å spele med Duke Ellington. Etter kvart danna han sitt eige turnéband, Jazz Machine, som normalt ein kvintett, og heldt fram i den same musikalske retninga. Sansen for timing, polyrytmikk, dynamikk, klang og legato-frasering, og det enorme lydvolumet han produserte, fekk trommesettet i framgrunnen.

Jones underviste regelmessig og spela på skular og i fengsel. Undervisningen bestod av både trommeteknikk og musikkhistorie. Han døydde av hjartesvikt i Englewood, New Jersey 18. mai 2004.

Diskografi i utval

[endre | endre wikiteksten]
  • Live At The Village Vanguard
  • East Broadway Rundown
  • My Favorite Things
  • Coltrane's Sound
  • Impressions
  • Ole
  • Coltrane Plays The Blues
  • Africa Brass
  • Live At The Village Vanguard
  • Live At Birdland
  • Coltrane
  • A Love Supreme
  • Selflessness Featuring My Favorite Things
  • Ascension
  • Sun Ship
  • Expression
  • First Meditations
  • Meditations
  • Plays Duke Ellington
  • The Real McCoy
  • Night Dreamer
  • Juju
  • Speak No Evil
  • Puttin' It Together
  • The Ultimate
  • Polycurrents
  • Live At The Light House
  • Genesis
  • Heavy Sounds (saman med Richard Davis)

Noregsbesøk

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Elvin Jones