Carrickfergus
| Carrickfergus | |||
| Carraig Fhearghais Carrick | |||
| by | |||
Carrickfergus slott i solnedgang. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | County Antrim | ||
| Areal | 12,242 km² | ||
| Folketal | 28 141 | ||
| Postnummer | BT38 | ||
| Retningsnummer | 0 28 | ||
![]() Carrickfergus 54°42′49″N 5°48′27″W / 54.713611111111°N 5.8075°W | |||
| Wikimedia Commons: Carrickfergus | |||
Carrickfergus[a] er ein by i County Antrim i Irland. Han har kring 28 000 innbyggjarar og ligg på nordsida av Belfast Lough, 20 km frå Belfast. Byen er kalla opp etter Fergus Mór mac Eirc, kongen av Dál Riata på 500-talet. Han er den eldste byen i County Antrim og ei av dei eldste busetjingane i Nord-Irland.[2] Carrickfergus er ein del av Belfast storbyområde.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Carrickfergus skal ha namn etter Fergus Mór (Fergus den store), den legendariske kongen av Dál Riata. Ifølgje ei soge gjekk skipet hans på grunn på eit skjer ved kysten som blei kjend som «Carraig Fhearghais», Fergus-steinen.[3]
Carrickfergus blei ein folkesett by kort tid etter 1170, då den anglo-normanniske riddaren John de Courcy invaderte Ulster. Han skipa hovudkvarteret sitt i området og bygde Carrickfergus Castle på «Fergus-steinen» i 1177.[4] Borga, som er eit av dei mest iaugefallande landemerka i Carrickfergus, er kjent som eit av dei best bevarte normanniske slotta i Irland.[5]
Som urban busetjing er Carrickfergus mykje eldre enn hovudstaden Belfast, og var i lang tid større og viktigare enn denne. Belfast Lough var kjend som «Carrickfergus Bay» til langt inn på 1600-talet. Den historiske byen innanfor bymurane dekte kring 97 000 m², og utgjer no sentrum av byen. Delar av bymuren i ulik stand er framleis synlege i ulike delar av byen. Arkeologiske utgravingar tett ved grunnmuren har funne mange gjenstandar som gjev innsyn i livet i byen på 1100- og 1200-talet.[2][3]
Byen er tema i den klassiske irske folkevisa «Carrickfergus» frå 1800-talet, som startar med orda «I wish I was in Carrickfergus».[6]
Den britiske adelstittelen Baron Carrickfergus, som forsvann i 1883, vart gjeven til prins William, hertug av Cambridge på bryllaupsdagen hans den 29. april 2011.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ North-South Ministerial Council 2002 annual report (Ulster-Scots) (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2011-08-29, henta 2012-01-22
{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - 1 2 History of Carrickfergus, arkivert frå originalen 2011-07-09, henta 2012-01-22
{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - 1 2 Mediæval Times in Carrickfergus' History Arkivert 5. mars 2011 ved Wayback Machine., carrickfergus.org; vitja 2. mai 2016.
- ↑ Ireland, Culture Northern (31 August 2005). «A History of Carrickfergus». Culture Northern Ireland. Arkivert frå originalen 3. mai 2021. Henta 30. april 2021.
- ↑ Maxwell, David (12. mars 2014). «History unearthed at medieval castle». BBC News. Henta 19. februar 2018.
- ↑ George Petrie: Ancient Music of Irland, M.H.Gill, Dublin 1855 (re-printed 2005, University of Leeds, ISBN 9781859183984)
- Denne artikkelen bygger på «Carrickfergus» frå Wikipedia på engelsk, den 22. januar 2012.
